Basic FjordSafari

Basic FjordSafari

Basic FjordSafari

Basic Fjordsafari -kom tett på naturen i Aurlandsfjorden og delar av UNESCO lista Nærøyfjorden med våre erfarne guidar!

Praktiske opplysningar

Turlengde:
1 time 30 min.
Pris:
Vaksne: kr 710 – Barn: kr 530.
Rutetider:
09:00-10:30
10:00-11:30
15:00-16:30
16:30-18:00 (KUN 20 juni - 20 august)
Klær:
Langbukse og langerma gensar anbefalast med mindre det er ein veldig varm dag. Lukka sko, ikkje åpne sandalar.
Oppmøte:
20 minutt før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Alle aldrar velkomne

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå våre opne RIB-båtar! Me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og inn til Sagfossen i verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, samt at guiden deler lokale historier og segner frå området medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.