Basic FjordSafari & vandring til geitestøl

Basic FjordSafari & vandring til geitestøl

Basic FjordSafari & vandring til geitestøl

Basic Fjordsafari og Vandretur til Geitestøl - bli med på eit ekte stølseventyr med utsikt over Aurlandsfjorden!

Praktiske opplysningar

Turlengde:
5,5-6 timar
Pris:
Vaksne: kr 1490 – Barn: kr 990.
Rutetider:
09:00-14:30/15:00 (1 juni - 31 august)
Oppmøte:
20 minutt før avgang i FjordSafari resepsjon (Flåm indre hamn)
Barn:
Anbefalt frå 6 år og oppover.

Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen som vendepunkt. I Aurlandsfjorden legg me til ved brygga i Skjerdal og startar fotturen opp til Skjerdal stølsysteri og Kafe.
Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs. Vandreturen frå fjorden og opp til Leim tek omlag 1,5time og er rundt 3km lang.

På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me vandrar attende til gårdstunet i Skjerdal og returnerar til Flåm med bil. 

Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde.

Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med.

NB! Stølen er åpen frå 1 juli til 31 august. Turen er også tilgjengelig frå 1 juni, då har me medbrakt lunsj frå lokal leverandør og får ost på stølen.