Gudvangen Heritage Taste FjordSafari

Gudvangen Heritage Taste FjordSafari

Gudvangen Heritage Taste FjordSafari

Gudvangen Taste Fjordsafari – Opplev Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden & ostesmaking i Fjordbygda Undredal! 

Praktiske opplysningar

Turlengde:
2timar 20min FjordSafari (+20min buss til Gudvangen)
Pris:
Vaksne: kr 890 – Barn: kr 690.
Rutetider:
13:30-15:50 FjordSafari
Klær:
Langbukse og langerma gensar anbefalast med mindre det er ein veldig varm dag. Lukka sko, ikkje åpne sandalar.
Oppmøte:
20 minutt før avgang i Gudvangen. Du finn oss i paviljongen ved Fjordtellet (restauranten) i retning ferjekaien.
Barn:
Alle aldrar velkomne


Bli med på ein ny Taste Fjordsafari med start frå Gudvangen! Opplev både den Unesco lista Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden på turen frå Gudvangen til Flåm med RIB-båt.

Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden samt at guiden deler lokale historier og segner frå området, medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

På veg til Flåm stoggar me i bygda Undredal som er kjend for sin smaksrike og prisløna geitost. Her møter me vår lokale vert som fortel om geitosten og tradisjonar rundt emnet, og me får smaka ulike lokale ostevariantar med tilbehøyr. 
Finn du din favoritt er det mogleg å kjøpa med seg ost frå Undredal.

Ankomst Flåm ca 15:50.

Varighet: 2 timar og 20 minutt Fjordsafari inkl ostesmaking i Undredal. + 20 minutt buss frå Flåm - Gudvangen.

Alternativ 1 GUDVANGEN - GUDVANGEN: Start turen ved innsjekk i Gudvangen 13:10. Ankomst Flåm ca 15:50, der du har 1 time til å utforske bygda Flåm før shuttle bussen går attende til Gudvangen kl 17:00 (20 minutt). I Flåm kan du tildømes besøkje Flåmsbana museumet, gå på ølsmaking i Ægir BryggeriPub, eller utforske det sentrum har å by på av butikkar, kafear og kulturstiar.

Alternativ 2: FLÅM - FLÅM: Start turen med shuttle buss frå Flåm til Gudvangen kl 11:00 eller 12:00 (20 minutt). Utforsk Gudvangen fram til innsjekk for Fjordsafari turen kl 13:10. Turen endar i Flåm ca 15:50. I Gudvangen kan du besøkje den spennande Vikinglandsbyen Njardarheimr eller nyte noko å ete frå restauranten ved fjorden. Kontakt oss på mail eller i vår resepsjon i Flåm dersom du ynskjer å ta turen Flåm-Flåm.