Heritage Taste FjordSafari

Heritage Taste FjordSafari

Heritage Taste FjordSafari

Heritage Taste FjordSafari – Opplev Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og ostesmaking i fjordbygda Undredal!

Praktiske opplysningar

Turlengde:
3 timar
Pris:
Vaksne: kr 990 – Barn: kr 740.
Rutetider:
16:30-19:30
Klær:
Langbukse og langerma gensar anbefalast med mindre det er ein veldig varm dag. Lukka sko, ikkje åpne sandalar.
Oppmøte:
20 minutt før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Alle aldrar velkomne

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå våre opne RIB-båtar når me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden samt at guiden deler lokale historier og segner frå området, medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

På veg attende til Flåm stoggar me i bygda Undredal som er kjend for sin smaksrike og prisløna geitost. Her møter me vår lokale vert som fortel om geitosten og tradisjonar rundt emnet, og me får smaka ulike lokale ostevariantar med tilbehøyr. 
Finn du din favoritt er det mogleg å kjøpa med seg ost frå Undredal.