Opplev Undredal

Opplev Undredal

Opplev Undredal

Utforsk norske tradisjonar i fjordbygda Undredal, kjent for sin prisvinnande geitost!

Praktiske opplysningar

Turlengde:
4 timar
Pris:
Vaksne: kr 1090 – Barn: kr 790.
Vanskeligheter:
Easy
Rutetider:
10:00-14:00 (1 juni - 31 august)
Oppmøte:
10 minutt før avgang i FjordSafari resepsjon (Flåm indre hamn)
Barn:
Alle aldrar velkomne

Utforsk norske tradisjonar på vår eksklusive guida tur til fjord-bygda Undredal. Me køyrer bil frå Flåm til den vesle bygda kjend for geitost, arkitektur og spektakulære omgivelsar,- idyllisk plassert ved Aurlandsfjorden. Få ein generell innføring i korleis geitosten vert laga frå vår lokale guide, utforsk den minste stavkyrkja i Skandinavia frå 1147 og opplev Undredal når me tek deg med på ein vandretur i bygda. Smak den prisvinnande kvite og brune geitosten, og avslutt besøket i Undredal med ein lokal lunsj* før me igjen vender snuten mot Flåm med bil. 

Varigheit: 4 timar totalt, inkl. transport og lunsj
Max. 8 personar


*Lunsj vert bestilt i Undredal. Valmoglegheiter: Kjegryte, laks eller viltbollar av rein (andre moglegheiter ved allergiar).