FjordSafari & FjordHusky kombinasjonstur

FjordSafari & FjordHusky kombinasjonstur

FjordSafari & FjordHusky kombinasjonstur

Praktiske opplysningar

Turlengde:
7 timar
Pris:
Frå NOK 4140 per person
Rutetider:
På etterspurnad
09:00 - 16:00
Klær:
Gode vinterkle til å vere ute ein heil dag
Oppmøte:
30 minutter før avgang i FjordSafari respesjonen, Flåm indre havn
Barn:
Anbefalt minimum 6 år

Dette er ein full dagstur som startar og ender i Flåm. Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Me gjer deg merksam på at du må kle deg godt med ull eller fleece og ha varme og komfortable sko på. Dersom du ikkje er godt nok kledd får du tilbodet om å låna ekstra klede for at du skal få ei god og komfortabel oppleving.
Me nyttar opne RIB-båtar. Undervegs vil me sjå fossane som har frose til is, ein blank fjord og snøen som ligg som glasur på dei bratte fjella. Når me kjem fram til Frønningen køyrer me bil 500 meter over fjorden der me vil sjå etter dyreliv som finns i området. Gruppa vil bli delt i to, der den eine vil starte med hundekøyring, mens den andre gruppa blir med på ein fantastisk trugetur i storslagen natur.

Hundekøyring: Når me kjem til kennelen vil me få utdelt dressar som du kan ha utanpå kleda dine før me helsar på hundane. Våre Alaska husky er veldig vennlege og elskar å få kos. Om du ynskjer, kan du hjelpa til med å sele opp hundane til hundekøyringa. Når me forlet kennelen vil me oppleve eventyrleg landskap saman med lyden av travande huskyar.

Trugetur: Dersom det er godt med snø vil du få ei innføring i korleis ein går på truger, og ein får høyre om historia bak trugen. Guiden deler gjerne informasjon om den dramatiske naturen, vinteren ved fjorden, og om den særeigne kulturen i området. Når begge gruppene møtest igjen vil me eta lunsj saman. Etter lunsjen vil gruppene byte aktivitet og møtast att ved kennelen.
Turen krev ingen erfaring, men middels kondisjon er tilrådd då delar av terrenget er bratt.

Etter turen reiser me tilbake til Flåm med båt og endar turen i havna i Flåm, der me starta. Om du ynskjer å overnatta på Frønningen, eller om du ynskjer å reise til Kaupanger i stadefor å returnera til Flåm, er det mogleg å skreddarsy etter ynskje. Om dette høyres ut som ei opplevning for deg, er det berre å ta kontakt!