Trugetur og heilaften på Ægir BryggeriPub

Trugetur og heilaften på Ægir BryggeriPub

Praktiske opplysningar

Turlengde:
2,5-3 timar
Pris:
Vaksne: Kr 1245,- – Barn: Kr 750,-
Rutetider:
08:15-10:45/11:15 (26. desember 2019-31. mars 2020)
15:30-18:00/18:30 (1. februar - 31. mars 2020)
Klær:
Varme klede (gjerne ull) og gode sko. Gjerne skibukse eller liknande utendørs bekledning.
Oppmøte:
15 min før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Frå 6 år og oppover.

Turen byrjar med ein køyretur i minibuss langs Aurlandsfjorden og opp forbi det fantastiske utsiktspunktet Stegastein, 650 meter over havet. Vel framme gjer ein seg klar for trugetur. Ein får ei innføring i korleis gå på truger, og ein får høyre om historia bak trugene.

Guiden delar gjerne informasjon om den dramatiske naturen, vinteren ved fjorden, og om den særeigne kulturen i området. På turen passerar ein utsiktspunkt der ein kan sjå fjorden mot den vesle bygda Undredal, innover til Flåm og alle dei høge fjelltoppane som omkransar den djupe fjorden under oss. Ved vendepunktet på turen får ein servert noko varmt å drikke, og ein får moglegheit til å nyta den unike stillheita i naturen. Turen på truger tek om lag 1-1,5 timar. Før ein køyrer tilbake til Flåm, blir det eit stopp ved utkikkspunktet Stegastein. Der blir tid til å ta bilete og nyte den storslegne utsikta over fjordlandskapet. 
Turen krever ingen erfaring, men middels kondisjon er anbefalt då delar av terrenget er bratt.

Etter ein frisk vinterdag ute på tur passar det bra med ein heilaften på Ægir BryggeriPub. Du vil få servert Ægir`s vikingplanke, ein unik 5-rettar øl- & matmeny. Denne inkluderar røykt rein, skalldyr, fisk og skalldyrsuppe, svineskanke og mørk sjokoladeganache kake. Planken vert servert med 5 ulike typar Ægir-øl. (Eigen vikingplanke med drikke for barn). 
Nyt den gode atmosfæren og varmen frå peisen som ein perfekt avslutning på dagen! 

Matservering Ægir BryggerPub frå 18:00-21:00 
(18 års grense på alkoholservering, alkoholdri drikke tilgjengelig)