Vinter FjordSafari

Vinter FjordSafari

Vinter FjordSafari

Opplev Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og den vesle bygda Undredal i sin flotte vinterdrakt!

Praktiske opplysningar

Turlengde:
2,5 time
Pris:
Vaksne: 810 NOK – Barn: 610 NOK.
Rutetider:
11:45 – 14:15
Klær:
Varme klede (gjerne ull) og gode varme sko.
Oppmøte:
30 min før avgang for innsjekk og påkledning. Vår resepsjon finn du i Flåm indre havn
Barn:
Anbefalast ikkje for barn under 6 år i vintermånadane.

Turen går frå Flåm og tek deg inn den imponerande Nærøyfjorden. Undervegs vert det fleire stopp der guiden fortel om det rike dyrelivet i området, den særeigne naturen og kulturhistoria til dei små bygdene og gardane me passerer. Fossane har frose til is, fjorden er blank og snøen ligg som glasur på dei bratte fjella. Me snur ved Styvi og på vegen tilbake frå Nærøyfjorden går me i land i Undredal. Bygda ligg idyllisk til nede ved fjorden, omringa av høge fjell.

I Undredal går me opp i den vesle nærbutikken der me blir tekne imot av vår lokale vert som gir oss noko varmt å drikka og fortel om korleis det er å bu i denne vesle bygda. Undredal er kjent for sin gode geitost og her kan du både få smaka og kjøpa med deg den lokale geitosten. 

Bekledning og utstyr: Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Me gjer deg merksam på at du må kle deg godt med ull eller fleece og ha varme og komfortable sko på. Dersom du ikkje er godt nok kledd får du tilbodet om å låna ekstra bekledning for at du skal få ein god og komfortabel oppleving. 

Anbefalt aldersgrense er 6 år.
Oppmøte og påkleding 30 minutter før avgang!