Vinter FjordSafari og heilaften på Ægir BryggeriPub

Vinter FjordSafari og heilaften på Ægir BryggeriPub

Vinter FjordSafari og heilaften på Ægir BryggeriPub

Opplev det beste av natur og matkultur Flåm har å by på med denne flotte pakken!

Praktiske opplysningar

Turlengde:
2 timar 30 minutt
Pris:
Vaksne: Kr 1245,- – Barn: Kr 750,-
Rutetider:
11:45 – 14:15
Klær:
Varme klede (gjerne ull) og gode sko.
Oppmøte:
30 min før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Frå 6 år og oppover.

Nyt det flotte vinterlandskapet frå våre opne RIB-båtar når me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden! Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, samt at guiden deler lokale historier og segner frå området medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs. Omgitt av frosne fossar og snødekte fjelltoppar ligg alt til rette for ei flott vinteroppleving i hjarta av fjord Noreg!

På veg attende til Flåm stoppar me i den vesle bygda Undredal for noko varmt å drikke, samt få ein smaksprøve på den lokale geitosten bygda er så kjent for! (moglegheit for å kjøpe med seg ostar om du finn din favoritt i Undredal).

Etter ein forfriskande vinterdag utendørst er det tid for ein heilaften på Ægir BryggeriPub. Du vil få servert Ægir`s vikingplanke, ein unik 5-rettar øl- & matmeny. Denne inkluderar røykt rein, skalldyr, fisk og skalldyrsuppe, svineskanke og mørk sjokoladeganache kake. Planken vert servert med 5 ulike typar Ægir-øl. (Eigen vikingplanke med drikke for barn). Nyt den gode atmosfæren og varmen frå peisen som ein perfekt avslutning på dagen! 

Matservering Ægir BryggeriPub 18:00-20:00
(18 års grense på alkoholservering, alkoholdri drikke tilgjengelig)