Heritage FjordSafari & Ægir Vikingplanke

Heritage FjordSafari & Ægir Vikingplanke

Heritage FjordSafari & Ægir Vikingplanke

Opplev det beste av natur og matkultur Flåm har å by på med denne flotte pakken!

Praktiske opplysningar

Turlengde:
2 timar 15 min FjordSafari
Pris:
Vaksne: kr 1245 – Barn: kr 750.
Rutetider:
12:10-14:25
15:15-17:30
Klær:
Varme klede.
Oppmøte:
20 minutt før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Alle aldrar velkomne

Opplev det beste av natur og matkultur Flåm har å by på med denne flotte pakken!

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå våre opne RIB-båtar når me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden! Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, samt at guiden deler lokale historier og segner frå området medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

Etter ein forfriskande tur på fjorden kan du nyte ein heilaften på Ægir BryggeriPub. Du vil få servert Ægir`s vikingplanke, ein unik 5-rettar øl- & matmeny. Denne inkluderar røykt rein, skalldyr, fisk og skalldyrsuppe, svineskanke og mørk sjokoladeganache kake. Planken vert servert med 5 ulike typar Ægir-øl (aldersgrense 18 år på alkoholholdig drikke, alkoholfrie alternativ finnes). 
(Eigen vikingplanke med drikke for barn).

Matservering i Ægir BryggeriPub 18:00-20:00