Vinter FjordSafari

Vinter FjordSafari

Vinter FjordSafari

Opplev Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og den vesle bygda Undredal i sin flotte vinterdrakt!

Praktiske opplysningar

Sted:
Flåm
Tilgjengelig:
November, Desember, Januar, Februar, Mars
Turlengde:
2.5 time
Pris:
Vaksne: 960 NOK – Barn: 730 NOK
Rutetider:
11:30 – 14:00
Dagleg avgang frå 1 november til 31 mars
Klær:
Varme klede (gjerne ull) og gode varme sko.
Oppmøte:
30 min før avgang for innsjekk og påkledning. Vår resepsjon finn du i Flåm indre havn
Barn:
Anbefalast ikkje for barn under 6 år i vintermånadane.

Me brukar opne RIB båtar med maksimum 12 gjestar for å garantera deg ein personleg oppleving, og gi deg moglegheita til å koma tett på dei små snødekka bygdene og fryste fossane langs fjorden. Nyt den fantastiske naturen og historiene fortalt av din personlege guide. Ta med familie, kollegaer eller venner mens me tar dykk nærmare naturen og ser etter dyreliv.

På denne magiske Vinter FjordSafarien får du oppleva UNESCO verdsarvlista Aurlandsfjorden og halve Nærøyfjorden. Vendingspunktet vårt er Styvi, og på veg tilbake stoppar me i den sjarmerande bygda Undredal. Der finn me ein lokal vert som serverer noko varmt og drikke, og gir deg eit innblikk i livet i den vetle bygda som er kjent for geitost. Om du finn din favorittost, har du også moglegheita til å kjøpa med deg ost før avgang.

Me forsørgjar med nødvendig utstyr for at du skal ha ein trygg og komfortabel tur på fjorden. Det inkluderer ei flytedrakt, redningsvest, lue, vottar og skibriller. Me ynskjer at alle kler seg varmt då temperaturen på fjorden er veldig låg på vinteren.