Vandretur til Brekkefossen

Vandretur til Brekkefossen

Vandretur til Brekkefossen

– Utforsk området og nyt den vakre utsikten over Flåm frå Brekkefossen! 

Praktiske opplysningar

Turlengde:
2,5-3 timar
Veibeskrivelse:
Denne turen er totalt 5km lang (tur-retur Flåm senter). Total høgdeforskjell er kring 155m. 
Rutetider:
På forespørsel.
Oppmøte:
10 minutt før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Anbefalt frå 6 år

På fottur opp til Brekkefossen vil du få ei fantastisk utsikt over fjorden og inn dalen. Turen startar frå Flåm sentrum, kor ein går eit stykkje på asfaltert veg opp dalen, langs Flåmselva. Etter 1,5 km lett gange, fortset me oppover til Brekkefossen utkikkspunkt. Den steinete og bratte stien gir raskt høgde og snart er den vetle bygda Flåm synleg mellom trea. Etter ca 30 minuttar oppoverbakke, opnar stien seg opp på ein graskledd avsats og tilbyr vakker utsikt over området. Bli med for å få ei unik innsikt i den lokale kulturen, historia og livet ved fjorden! 

KVA DU KAN FORVENTA: 
- Ei personleg guida oppleving pakka med historie, forteljingar og lokal kunnskap 
- Lokal tur opp til ein foss med utsikt over Flåm og fjorden. 
- Lær om historia til området vårt mellom fjell og fjord. 

KVA EIN BØR HA PÅ SEG/MED SEG: 
- Gode tursko og turklede 
- Vatnflaske 

Ein treng ikkje erfaring med vandring, men litt kondisjon for å gå stien og trappane opp til fossen.