Trugetur & Ægir Vikingplanke

Trugetur & Ægir Vikingplanke

Trugetur & Ægir Vikingplanke

Opplev det beste av natur og matkultur Flåm har å by på med denne pakken!

 

Praktiske opplysningar

Sted:
Flåm
Tilgjengelig:
Desember, Januar, Februar, Mars
Turlengde:
2,5-3 timar
Pris:
Vaksne: Kr 1500,-
Vanskeligheter:
Lett
Rutetider:
08:15 Dagleg avgang frå 26 desember - 31 mars
15:30 Dagleg avgang frå 1 februar - 31 mars
Klær:
Varm utendørs bekledning og gode vintersko
Oppmøte:
15 min før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Aldersgrense 18 år

Turen byrjar med ein biltur langs Aurlandsfjorden og opp til spektakulære Stegastein utsiktspunkt, 650 meter over havet. Vel framme blir du introdusert til truger, korleis ein går i dei og historia bak dei. På tur opp vil den lokale guiden din fortelja om livet på fjellet, den dramatiske naturen rundt, vinteren langs fjorden og kulturen i området.

Trugeturen på 1,5 time byr på mange mogelegheiter til å sjå fjorden, den sjarmerande bygda undredal, Flåm og dei snødekka fjella rundt heile fjorden. På vendingspunktet får du servert varm drikke og tid til å ta innover deg stillheita og den vakre utsikten. Biletmoglegheitene er mange. Før me reiser tilbake til Flåm blir det eit stopp på Stegastein utsiktspunkt.

Fortsett kvelden med ein helaften på Ægir BryggeriPub. Her får du servert Ægir’s Vikingplanke,ein 5-rettars matplanke som består av lokale smaker. Planken serveres æven med fem unike Ægir-øl som komplimenterer maten. Slapp av og nyt den koselige atmosfæren foran den høye peisen.

Aldersgrense 18 år på grunn av alkoholservering. Alkoholfrie alternativer er tilgjengelig.