OPPLEV DET BESTE AV FLÅM I VINTER

 

Opplev roen blant frosne fossar og snøkledde toppar i det vakre vinterkledde fjordlandskapet, perfekt i kombinasjon med ei unik smaksoppleving i Ægir BryggeriPub! Flåm ligg berre litt over 2 timar frå Bergen og dryge 4 timar frå Oslo, perfekt langs E16.


Pakke: Fjordsafari + Ægir Vikingplanke

Fjordsafari vinter: Nyt ein guida tur på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Turen varar i 2t 30 min og inkluderar eit stopp i vakre Undredal der ein kan smake den prislønna lokale geitosten.

Middag i Ægir BryggeriPub: Smak Ægir Vikingplanke, ein 5-rettar øl– og matmeny som parar fem kortreiste smårettar med fem ulike sortar Ægir-øl som komplimenterer maten. Kombinasjonen er perfekt!

Pakkepris: Kr. 1435,- per person


Praktisk informasjon

Sesong: 01. Nov til 31. mars 2024
Vinter FjordSafari
kl. 11:30-14:00 (oppmøte FjordSafari kai kl. 11:00)
Ægir Vikingplanke kl. 18:00-19:30 i Ægir BryggeriPub

Aldersgrense 18 år. Alkoholfri drikke tilgjengelig. Kontakt oss ved allergi eller diett ynskjer (post@fjordsafari.com)

Barn og unge under 18 år kan bestille Fjordsafari separat og mat frå à la carte menyen i Ægir BryggeriPub.