Prest (Røyrgrind varden)

Prest (Røyrgrind varden)

Praktiske opplysningar

Turlengde:
5 timar
Veibeskrivelse:
4km 663 meter høgdeforskjell, bratt og eksponert terreng
Vanskeligheter:
Krevjande
Klær:
Gode fjellsko og utendørs klede er nødvendig for denne turen.
Barn:
Frå 10 år

– Panorama utsikt over Aurlandsfjorden!

Utflukta startar i vår komfortable minivan frå Flåm til Stegastein. Nyt vakker utsikt frå det berømte utsiktspunktet, før me fortset køyreturen lenger oppover vegen til parkeringsplassen. Her i frå leiar ein godt tråkka sti opp til den nordlege utkanten av fjellet mot Prest. Turen går i bratt oppoverbakke. På rundt 1000 høgdemeter, er det ein brattare del der sporet smalnar inn til ein liten sti med tildels lause steinar. Etter å ha passert dette, vert du belønna med ei fantastisk utsikt over fjorden. Varden på 1363moh. kjem til syne over deg. Vegen er breiare og lettare å gå på den siste strekninga. Denne delen av fjellet kallas Røyrgrind og det er her mange vel å avslutte turen. Varden har ein imponerende størrelse. Her fins det ein liten boks med ei notatbok der du kan leggje att ei helsing frå ditt besøk. Pust inn frisk fjelluft, nyt eit "stykke Norge" og ta ein "fjordutsikt selfie" før me går tilbake same vegen.