Fjordsafari Gudvangen Taste

Fjordsafari Gudvangen Taste

Fjordsafari Gudvangen Taste

Opplev UNESCO lista Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og ostesmaking i den sjarmerande bygda Undredal! 

Praktiske opplysningar

Sted:
Flåm
Tilgjengelig:
Juli, August
Turlengde:
2timar 20minutt FjordSafari (+20min buss til Gudvangen)
Pris:
Vaksne: NOK 1175 – Barn: NOK 895
Rutetider:
13:20 - 15:40 + buss til Gudvangen
Klær:
Langbukse og langerma gensar anbefalast med mindre det er ein veldig varm dag. Lukka sko, ikkje åpne sandalar.
Oppmøte:
20 minutt før avgang i Gudvangen. Du finn oss ved ved flytekaien ved Kajakksenteret og Vikinglandsbyen
Barn:
Alle aldrar velkomne

Me brukar opne RIB båtar med maksimum 12 gjestar for å garantera deg ein personleg oppleving, og gi deg moglegheita til å koma tett på dei små bygdene og fossane langs fjorden. Nyt den fantastiske naturen og historiene fortalt av din personlege guide. Ta med familie, kollegaer eller venner mens me tar dykk nærmare naturen og ser etter dyreliv.

Opplev både UNESCO verdsarvlista Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden på denne ein vegs turen frå Gudvangen til Flåm. Me stoppar innom geitost bygda Undredal der du får smaka og læra om alle dei pris vinnande ostane medan du nyter utsikten over fjorden. Om du finn din favorittost, har du også moglegheita til å kjøpa med deg ost frå kafeen før avgang.

Me forsørgjar med nødvendig utstyr for at du skal ha ein trygg og komfortabel tur på fjorden. Det inkluderer ei flytedrakt, redningsvest, lue, vottar og skibriller. Me anbefaler alle å kle seg etter vær og temperatur, og ha lukka sko.


Alternativ 1 GUDVANGEN - GUDVANGEN: Start turen ved innsjekk i Gudvangen 13:00. Ankomst Flåm ca 15:40, der du har 1 time til å utforske bygda Flåm før shuttle bussen går attende til Gudvangen kl 17:15 (20 minutt). I Flåm kan du tildømes besøkje Flåmsbana museumet, gå på ølsmaking i Ægir BryggeriPub, eller utforske det sentrum har å by på av butikkar, kafear og kulturstiar.

Alternativ 2: FLÅM - FLÅM: Start turen med shuttle buss frå Flåm til Gudvangen kl 11:15 (20 minutt). Utforsk Gudvangen fram til innsjekk for Fjordsafari turen kl 13:00. Turen endar i Flåm ca 15:40. I Gudvangen kan du besøkje den spennande Vikinglandsbyen Njardarheimr eller nyte noko å ete frå restauranten ved fjorden. Kontakt oss på mail eller i vår resepsjon i Flåm dersom du ynskjer å ta turen Flåm-Flåm.