FjordSafari Norway AS

FjordSafari vart etablert i Flåm i 2003, og er ei familiebedrift som drives av Rune og May Lene. Me i Fjordsafari ynskjer at nettopp DU skal få oppleva naturen og kulturen i vårt fantastiske verdsarv-område på same vis som oss lokale. Våre dedikerte og kunnskapsrike medarbeidarar er klare for å dela opplevingar langs fjord og fjell med deg, via aktivitetar som me sjølve likar veldig godt.

Våre verdiar er;

Respekt - Entusiasm - Personleg - Ekte - Det “vetle” ekstra - Stoltheit

Vårt team

 
May+lene+dagleg+leiar.jpg

May Lene

Dagleg leiar & medeigar

Rune+tokvam+nytt.jpg

Rune

Teknisk leiar & medeigar

IMG_20180826_173530.jpg

Heidi

Booking & økonomi

Mathilde+og+Geit+Leim.jpg

Mathilde

Sal & head guide

IMG_2801.jpg

Kristin

Sal & marknadsføring

Eleanor%2Bjul.jpg

Eleanor

Båtførar og guide

Erik+fjordsafari.jpg

Erik

Båtførar og guide

Per.jpg

Per

Båtførar og guide

Ane+Olivie.jpg

Ane Olivie

Båtførar og guide

jonatan.jpg

Jonatan

Båtførar og guide

Fred.jpg

Fred

Båtførar og guide

Aada+guide og båtfører.jpg

Aada

Båtførar og guide

jakub+midlertidig.jpg

Jakub

Båtførar og guide

_20190606_181940.jpg

Joel

Båtførar og guide

Ismael.jpg

Ismael

Båtførar og guide

Bl%C3%A5+time+aurland+mathilde.jpg

Magnus

Båtførar og guide

amanda.jpg

Amanda

Båtførar og guide

Jannike+Iren+Jakobsen+Iversen.jpg

Jannike

Resepsjon

madelen+2.jpg

Madelen

Resepsjon

Elisabeth+Nesb%C3%B8.jpg

Elisabeth

Resepsjon & guide

Frederik.jpg

Frederik

Resepsjon

Julie Aksnes.jpg

Julie

Resepsjon

Signe.jpg

Signe

Resepsjon

Amalie.jpg

Amalie

Resepsjon

Malik.jpg

Malik

Guide

Thomas+T.jpg

Thomas

Guide

Samuele+Mascetti.jpg

Samuele

Guide

Jesper+rimstigen.jpg

Jesper

Guide

Asbj%25C3%25B8rn.jpg

Asbjørn

Vedlikehold

Bl%C3%A5+time+aurland+mathilde.jpg

Åmund

Vedlikehold

Bl%C3%A5+time+aurland+mathilde.jpg
Bl%C3%A5+time+aurland+mathilde.jpg
Kort-over-fla%CC%8Am.jpg

Beliggenheit

Me er lokalisert innerst i Flåm hamn. Alle turar startar i vår resepsjon i det kvite bygget innerst i havna like ved togstasjonen og museumet. Det er ca 1 minutt gange frå togstasjonen og 3-5 minutt gange frå cruise terminalen.

FAQ

Korleis kjem eg meg til Flåm?

Du kan komma til Flåm med enten bil, buss, tog eller båt.

Korleis kjem eg meg frå cruise terminalen til dykk?

Me er lokalisert mindre enn 5 minutt gange frå cruise terminalen. Gå i retning togstasjonen og du vil sjå eit stort kvitt telt innerst i hamna.

Kan eg ta med kamera på turen?

Ja det kan du. Ta med beskyttelse dersom det regnar.

Kvar kan eg bestille billettar?

Klikk på det store ikonet til høgre i toppmenyen som seier "BOOK NOW" (eller "online booking" om du brukar telefon).

Kva type klede bør eg ha på meg?

Anbefalar bukse og langerma genser med mindre det er veldig varmt. Me har alt av nødvendig utstyr og dette er inkludert i billetten.

Du må kle deg etter vèr og sesong. På våren, hausten og vinteren anbefalar me ull på kalde dager. Temperaturen er ca 10 grader lågare i fart på fjorden enn i lufta på land.

Kan eg oppbevara bagasjen min hjå dykk?

Me har små skap for bagasje i vår resepsjon som du kan benytta gratis medan du er på tur. Har du større baggasje med deg anbefalar me att du nyttar bagasjeoppbevaringa ved togstasjonen.

Du må ta med deg all bagasje etter endt tur.

Kor lenge før tur bør eg møta opp?

På alle båtturar må du sjekka inn 20 minutt før avreise. Dette er for påkledning og registrering på vår passasjerliste, samt sikkerhetsgjennomgang før tur. For vandreturar eller skreddarsydde turar møter du til avtalt tid. Om vinteren ber vi deg møte 30 minutt før avreise på¨båtturane.

Er det alder/størrelse grense på turane dykkar?

Me har ingen aldersgrense på turane. På vinter Fjordsafari anbefalar me imidlertid ikkje å ha med barn under 6 år då det er svært kjølig på fjorden. Barn under 4 år kan vera med gratis på FjordSafari på fanget til foreldra (0-4 år) og treng derfor ikkje eigen billett. Skriv gjerne ein kommentar i reservasjonen dersom det gjeld deg (gjerne med alder) slik at våre guidar er forberedt med riktig bekledning for båtturar eller bilseter for landbaserte utflukter.

Me har flytedressar fra barne størrelsar til delte drakter stor XXL.

Korleis er sikkerheita på tur?

Sikkerheit er vår største prioritet på alle turar. På alle FjordSafari turar blir du utstyrt med flytedrakt og redningsvest, og før avreise tek guiden ein gjennomgang av sikkerheit ombord i båten. I løpet av dei 15 åra me har dreve med fjordsafari turar har aldri nokon havna i vatnet. Me er opptekne av at turen skal vera behageleg og trygg, og ikkje minst ei oppleving for alle aldrar. Førstehjelpsutstyr er alltid tilgjengeleg på båt- og guida turar.

Kan eg endra/avbestilla turen?

Me er svært fleksible og vil alltid prøva å hjelpa etter beste evne dersom du skulle behøva å endra avgang eller dato.

Du kan finne våre avbestillingsreglar her: Betingelser & vilkår

Kva er forskjellen på Basic FjordSafari, Heritage FjordSafari og Heritage Taste FjordSafari?

Klikk her for å samanlikne dei ulike FjordSafari turane.

Blir turen kansellert dersom det regnar?

Turane går i både sol og regn. Du får utdelt beskyttande flytedrakter for å holde deg både varm og tørr.

Fjorden oppleves faktisk ekstra magisk når det regnar!