Trugetur

Trugetur

Praktiske opplysningar

Sted:
Flåm
Tilgjengelig:
Januar, Februar, Mars
Turlengde:
2.5-3 timar
Pris:
Vaksne: NOK 920 – Barn: NOK 700
Rutetider:
08:15 Dagleg avgang frå 26 desember til 31 mars
15:30 Dagleg avgang frå 1 februar til 31 mars
Klær:
Varme utendørs bekledning og gode vintersko
Oppmøte:
15 min før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)
Barn:
Frå 6 år og oppover.

Turen byrjar med ein biltur langs Aurlandsfjorden og opp til spektakulære Stegastein utsiktspunkt, 650 meter over havet. Vel framme blir du introdusert til truger, korleis ein går i dei og historia bak dei. På tur opp vil den lokale guiden din fortelja om livet på fjellet, den dramatiske naturen rundt, vinteren langs fjorden og kulturen i området.

Trugeturen på 1,5 time byr på mange mogelegheiter til å sjå fjorden, den sjarmerande bygda undredal, Flåm og dei snødekka fjella rundt heile fjorden. På vendingspunktet får du servert varm drikke og tid til å ta innover deg stillheita og den vakre utsikten. Biletmoglegheitene er mange. Før me reiser tilbake til Flåm blir det eit stopp på Stegastein utsiktspunkt.